Torunn Hovde Kaasa
NLP Master Practitioner
Platinum Professional Coach
Kontoradresser:
Helsehuset, O. H. Holtasgt. 30,
3678 Notodden og
3697 Tuddal
Tlf: 99 36 60 77
"Om du kan drøyme det.. kan du gjere det"
Om Elite Coaching
Elite Coaching tilbyr kvalitet, seriøsitet og
Energi - Livsglede - Inspirasjon - Tankekraft - Etikk
Eg tilbyr NLP livscoaching, kurs og foredrag til offentlege og private bedrifter/organisasjonar og privatpersonar. Eg driv firmaet på heiltid, med kontor på Øvre Tinfos på Notodden, i eit historisk industrimiljø, der energi følgjer tanke, og i Tuddal.
Kurs i co-active coaching i 2003, i regi av Innovasjon Norge, vekka interessa for coaching som utviklingsverktøy. I perioden 2005-2008 har eg tatt NLP og Livscoach utdanning ved The Paradigm Academy, Oslo, eit leiande kompetansemiljø innan NLP, coaching og helsefremmande arbeid. I samband med utdanninga ved The Paradigm Academy, har eg sidan 2007 gjennomført meir enn 150 coachingsamtaler. Utdanninga er tatt ved sida av anna arbeid.
Frå 2010 tek eg påbygging til Helsecoach ved The Paradigm Academy. Vil vere ferdig registrert helsecoach innan sommaren 2011, ein av dei første i landet. Helsedirektoratet har godkjent registrerte helsecoachar for oppføring i Alternativregisteret i Brønnøysund, med fritak for mva. Eg er styremedlem i Norsk Forening for NLP, godkjent utøvarorganisasjon innan helsecoaching, www.norskforeningfornlp.no
Eg har lang leiarerfaring frå offentlege verksemder, politikk/administrasjon, 8 år som ordførar, erfaring fra entreprenørskap, fleirkulturelt arbeid, nettverks- og styrearbeid. God organisasjonsforståing og svært god kjennskap til kommunesektoren. Eg har også lang erfaring som kurs- og foredragshaldar.
Meir detaljert
