Torunn Hovde Kaasa
NLP Master Practitioner
Platinum Professional Coach
Helsecoach MFNLP
Kontoradresser:
Helsehuset, O. H. Holtasgt. 30,
3678 Notodden og
3697 Tuddal
Tlf: 99 36 60 77
"Om du kan drøyme det.. kan du gjere det"
Om Elite Coaching
Elite Coaching tilbyr kvalitet, seriøsitet og
Energi - Livsglede - Inspirasjon - Tankekraft - Etikk
Eg tilbyr NLP livscoaching, kurs og foredrag til offentlege og private bedrifter/organisasjonar og privatpersonar. Eg har kontor på Øvre Tinfos på Notodden, i eit historisk industrimiljø, der energi følgjer tanke, og i Tuddal, der eg også tilbyr overnatting.
Kurs i co-active coaching i 2003, i regi av Innovasjon Norge, vekka interessa for coaching som utviklingsverktøy. I perioden 2005-2008 har eg tatt NLP og Livscoach utdanning ved The Paradigm Academy, Oslo, eit leiande kompetansemiljø innan NLP, coaching og helsefremmande arbeid.
I tillegg til NLP Practitioner, NLP Master Practitioner og NLP Life Coach, har eg også Helsecoachutdanning, som ein av dei første i landet. Tittelen Helsecoach MNFNLP er godkjent for fritak for mva gjennom Norsk Forening for NLP, som er godkjent utøvarorganisasjon. Medlemskap her omfattar også ansvarsforsikring. Eg er styreleiar i Norsk Forening for NLP, www.norskforeningfornlp.no
Har lang leiarerfaring frå offentlege verksemder, politikk/administrasjon, 8 år som ordførar, erfaring fra entreprenørskap, fleirkulturelt arbeid, prosessleiing, nettverks- og styrearbeid. God organisasjonsforståing og svært god kjennskap til kommunesektoren. Eg har også lang erfaring som kurs- og foredragshaldar.
